Hægebostad kommune ligg i indre Vest-Agder – så å seie midt i fylket. Hovudfartsårene til kommunen er riksveg 42 mellom Evje og Krågeland, og riksveg 43 som startar i Lyngdal og følgjer dalføret oppover. Ellers har toget mellom Kristiansand og Stavanger stoppestad på Snartemo.
Kommunen har eit areal på 461 km2, og av dette dekkjer kommunens 988 vatn 36 km2. I kommunen sin øvre del ligg nedre del av Setesdals vesthei. Mykje av dette arealet er verna. Gjennom kommunen renn vassdraget Lygna. Vassdraget startar oppe i øvre del av kommunen. Lygna er med og set sitt særpreg på kommunen – både som kommunen sitt største vatn- kalla Lygne - oppe i Eiken, og som elv ned igjennom heile dalføret. Vassdraget med alle sideelver og -bekkar er verna. Kommunen sitt lågaste punkt ligg 150 m.o.h., medan det høgste ligg 966 m.o.h. Dette gjev kommunen ein variert og vakker natur – med rike moglegheiterfor jakt, fiske og friluftsliv.
Skriv kommentar