På Kvitsund vil du møte elevar frå dei aller fleste fylka i landet. Dei fleste bur i internatet. Mange forskjellige menneske med forskjellig bakgrunn. Du vil bli utfordra til mange spennande aktivitetar, både fagleg og sosialt. Du vil få venner for livet, og du vil lære noko om å vise respekt og å bry seg.
Vi vil leggje best mogleg til rette for at alle skal trivast sosialt og ha det godt i eit sunt miljø. Vi ønskjer å ha god kvalitet på undervisninga og vi vil motivere til eit positivt læringsmiljø.
I tillegg har vi eit ønskje om å formidle den kristne gledesbodskapen, og å byggje eit levande og utviklande kristent miljø.
Skriv kommentar